Klargjør siden...

Narvik takka nei til eliteserieplass i ishockey

Narvik blir ikkje Noregs nordlegaste eliteserieklubb etter at klubben takka nei til plassen i eliteserien ishockey for neste sesong.

Narvik Arctic Eagles vart invitert til å spele i eliteserien, men skal ha sett fram nokon spesielle krav om korleis gjennomføringa av terminlista skal vere med omsyn til at laget ville få så lang reiseveg.

Representantar frå Narvik hadde møte med Norges Ishockeyforbund tidlegare i veka for å finne ei løysing.

Styret i klubben tok torsdag ei avgjerd i saka og valde å takke nei.

Dermed blir kommande sesong for eliteserien gjennomført med ni lag. Lørenskog var sportsleg kvalifisert, men fekk ikkje fornya eliteserielisens då dei ikkje oppfyller dei økonomiske krava eit slik lisens krev.

(©NPK)

Fredag ettermiddag takkete Narvik nei til å spele i kommande sesongs eliteserie ishockey. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix