Klargjør siden...

Nationaltheatret vil gjere Munchmuseet til teater

Nationaltheatret ønskjer å overta det gamle Munchmuseet på Tøyen og lage ei ny permanent scene der.

Teatret vil satse på barn og ungdom og håpar dei kan bruke bygget til teater frå våren 2022. Ifølgje NRK skriv Nationaltheatret i eit brev til Oslo kommune at dei forventar at kommunen set i gang med å planleggje rehabilitering av det gamle Munchmuseet på Tøyen allereie i haust.

Nationaltheatrets styreleiar Merete Smith seier at dei i tillegg til å spele teater på Tøyen på vanleg måte, vil ha utstrekt kontakt med lokalmiljøet.

- Det vil vere eit fantastisk bygg for Nationaltheatret. Dersom vi får flytte inn her, vil Tøyen bli ei Scene 3. Det vil vere ei unik moglegheit for oss til å møte eit nytt publikum.

Ho ser for seg at teateret kan ha kontakt med Aktivitetsskolen (AKS) og ha skodespelarskule, kanskje spele teater ute i hagen utanfor Munchmuseet og blande profesjonelle og amatørar.

- Vi tenkjer dette er ei flott moglegheit for kommunen til å få liv i gatene rundt Munchmuseet på kveldstid, seier ho.

Smith legg til at ei ny teaterscene på Tøyen ikkje betyr at Torshovteatret vet lagt ned. Det vil fortsette som før.

(©NPK)

Munchmuseet på Tøyen i Oslo. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix