Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Rosenborg veit enno ikkje korleis dei vil handtere valdssaka der Nicklas Bendtner har vore involvert.
anders.mollersen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 10.09.2018 kl 13:35
Rosenborg fortel om hendinga i ei pressemelding lagt ut på eiga nettside.
- Søndag formiddag vart vi orientert om at det hadde vore ei uheldig hending i København der Nicklas Bendtner hadde vore involvert. Det var ein svært nedbroten Nicklas Bendtner som sjølv kontakta klubben og informerte om kva som hadde skjedd. Heile søndag vart brukt til å innhente så mykje fakta som mogleg. Som forventa vart medieinteressa stor både frå Danmark og Noreg. Vi har prøvd å svare utan å kunne gå i detaljar, heiter det i pressemeldinga.
RBK skriv at Bendtner har vore i København i nokre dagar for opptrening etter skade og at han etter planen skal vere tilbake i Trondheim om nokre dagar.
- Vi vil då i fred og ro gå gjennom det som har skjedd og vurdere korleis klubben skal reagere. Vi vil behandle Nicklas på den måten han har krav på uansett handling.
Klubben skriv også at dei har vore i kontakt med det danske taxiselskapet og orientert om kva klubben vurderer å gjere og beklage hendinga sjølv om dei ikkje har kjennskap til detaljane.
Rosenborg skriv at dei er trygge på at det danske rettssystemet handterer saka på rett måte.
Det var danske BT som søndag ettermiddag melde at Bendtner skulle ha utøvd vald mot ein taxisjåfør i DanTaxi.
Politiet har bekrefta at det er komme ei politimelding, men ikkje at det er Bendtner som er meldt til politiet.
Danmarks landslagstrenar Åge Hareide har uttalt at ein spelar ikkje kan spele for landslaget så lenge han er valdsdømt.
(©NPK)
Nicklas Bendtner er igjen ute i hardt vêr. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.