Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Nederlandsk påtalemakt har bedt retten forby motorsykkelklubben Hells Angels. Dei hevdar medlemane driv med utpressing og truslar.
nils.myklebost@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 30.05.2018 kl 16:41
Påtalemakta opplyste onsdag at dei har sendt saksdokument med hundrevis av sider om Hells Angels' aktivitetar til retten.
Det er ikkje første gong Nederland trekkjer motorsykkelgjengen for retten. I 2009 gjekk eit forsøk på å forby ei lokal grein av klubben heilt til Høgsterett, men saka blei avvist i alle rettsinstansar.
Nederland har dei seinare åra gjort fleire forsøk på å få has på fleire motorsykkelklubbar, som dei meiner er ein trussel mot samfunnsordenen.
(©NPK)
Nederlandske aktorar ber ein domstol om å forby motorsykkelklubben Hells Angels, og hevdar medlemane driv med utpressing og truande åtferd. Illustrasjonsfoto: Vegard Grøtt / NTB scanpix