Nedgang i dødsulykker i arbeidslivet i fjor

Det vart registrert 33 dødsulykker i arbeidslivet i 2019. Det er det lågaste talet sidan 2000.

Frå 2000 til 2019 har talet på dødsulykker gått ned frå 85 til 33, noko som svarer til ein reduksjon på 52 dødsulykker eller over 60 prosent i perioden, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Talet på arbeidsulykker med dødeleg utfall på land var 29 i fjor, noko som er ei halvering frå 2000. Til sjøs var det berre tre dødsulykker i 2019.

For Petroleumstilsynet og Luftfartstilsynets tilsynsområde var det høvesvis null og éi arbeidsulykke med dødeleg utfall i 2019.

(©NPK)

Annonse