Klargjør siden...

Nedgang på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs fall torsdag med 0,77 prosent til 897,91 poeng.

Omsetninga enda på snautt 5,2 milliardar kroner fordelt på 127.000 handlar.

Equinor var ein av aksjane som fall mest blant dei på omsetningstoppen, med ein nedgang på 1,86 prosent. Nedgangen var også markant for Aker BP, som gjekk ned 1,59 prosent. Det har vore mykje bråk i Telenor i kjølvatnet av avdelingsleiar Berit Svendsens avgang som sjef for Telenor Noreg. Torsdag gjekk Telenor-aksjen ned med 1,59 prosent.

Subsea 7 og Marine Harvest leverte derimot ein god børsdag, med ein oppgang på høvesvis 0,88 og 1,61 prosent. Saman med Norsk Hydro (0,33) og DNB (0,68) var dei blant dei på omsetningstoppen som kom best ut av børsdagen.

Dei tonegivande aksjeindeksane i Europa fall kraftig torsdag, og var dermed med på å prege nedgangen også i Oslo. CAC 40 i Paris fall med heile 1,5 prosent, DAX 30 i Frankfurt med 1,3 prosent og FTSE 100 i London med 1 prosent.

Eit fat nordsjøolje vart torsdag ettermiddag omsett for 77,46 dollar, ein nedgang på 0,45 prosent, medan eit fat amerikansk lettolje vart omsett for 68,99 dollar fatet, ein nedgang på 0,4 prosent.

(©NPK)

Foto: Axel Nilsson Raftsjø / NTB scanpix

Annonse