Klargjør siden...
Annonse

Nesten 1 million drivne på flukt i Syria på fire månader

Over 920.000 menneske vart drivne på flukt frå heimane sine i Syria frå januar til april, ifølgje FN. Talet er det høgste sidan krigen i landet braut ut.

Menneska som har måtta forlate heimane sine, lever no som internt fordrivne i Syria.

FNs regional koordinator for Syria, Panos Moumtzis, beskriv talet som «massivt».

- Dette er høgste talet i løpet av ein så kort periode sidan konflikten starta, sa Moumtzis på ein pressekonferanse i Genève måndag.

(©NPK)

Øydelagde bygningar i Harasta i Aust-Ghouta utanfor den syriske hovudstaden Damaskus. Foto: Danny Makki / AP / NTB Scanpix

Annonse