Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Talet på døde etter IS-angrepa sør i Syria onsdag er no oppe i 246, ifølgje eksilgruppa SOHR. Over halvparten av dei drepne er sivile.
uvakt@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 26.07.2018 kl 10:04
Ekstremistgruppa IS gjennomførte ein rekke koordinerte angrep i Sweida-provinsen onsdag.
Minst sju sjølvmordsbombarar løyste ut eksplosjonar i provinshovudstaden Sweida og fleire landsbyar i området. Bombene vart følgde av eld frå handvåpen.
- Talet på døde er no 246, inkludert 135 sivile, seier Rami Abdulrahman i eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SHOR).
Dei andre døde var regimevennleg milits eller lokale innbyggjarar som hadde tatt til våpen for å forsvare hus og heim.
Minst 45 IS-krigarar døydde òg i angrepa, ifølgje SOHR.
(©NPK)
Røyk og eld frå kampane mellom regimevennlege styrkar og opprørarar i Sør-Syria onsdag, fotografert frå dei israelskokkuperte Golanhøgdene. Foto: Ariel Schalit / AP / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.