Klargjør siden...

Nettstad: Sagan forlenger med Bora

Regjerande verdsmeister Peter Sagan skal vere samd med sykkellaget Bora-Hansgrohe om ein ny kontrakt.

Det er sykkelnettstaden Cyclingnews som hevdar å vite at den største stjerna i internasjonal sykling held fram hjå den noverande arbeidsgivaren fram til 2021.

Den gamle avtalen til Sagan hadde utløp etter neste sesong.

Nyheita om kontraktsforlenginga kjem berre få dagar før slovaken igjen skal prøve å forsvare VM-tittelen i landevegsrittet i Innsbruck. Sagan har vunne tre VM-gull på rad, det siste i Bergen for eitt år sidan.

Ifølgje Cyclingnews vil den nye avtalen bli offentleggjort kommande fredag.

Også denne sesongen sikra Sagan seg den grøne poengtrøya under Tour de France.

(©NPK)

Peter Sagan forlenger med Bora-Hansgrohe. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Annonse
Annonse