Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Det går mot mange tomme felt på tribunen når Noreg innleier nasjonsligaen mot Kypros. No vil NFF ta grep.
stian.grythaugen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 04.09.2018 kl 09:29
Sist oppdatert: 04.09.2018 kl 11:50
Før opningskampen torsdag er det berre selt 5500 billettar. Det er langt unna det leiinga i Norges Fotballforbund hadde sett for seg. Ullevaal stadion har ein kapasitet på 28.000.
- Vi håpa på mellom 13.000 og 15.000 då vi planla i fjor haust. Det er skuffande og naturleg nok langt under det vi forventa, seier fungerande generalsekretær Kai Erik Arstad i NFF til NTB.
Enkelte har kritisert billettprisane. Fotballforbundet opnar for å sjå på billettprisane i sjølve EM-kvalifiseringa som startar etter nasjonsligaen.
- Vi må vurdere prissettinga vår. Samtidig håpar vi det blir sal fram til kamp, seier Arstad med tanke på kampane som ventar i haust.
Noreg møter Kypros torsdag.
(©NPK)
Det går mot mange tomme sete når Noreg får besøk av Kypros. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix