Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Paralympicsutøvaren Nils Erik Ulset (34) frå Tingvoll fekk tildelt Egebergs Ærespris under leiarmøtet i Norges idrettsforbund på Gardermoen fredag.
geir.andreassen@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 25.05.2018 kl 15:04
Kammerherre Egebergs Ærespris er rekna som det høgste heidersteiknet i norsk idrett og blir gitt til utøvarar som har markert seg i to eller fleire idrettar. Ulseth har utmerkt seg i både langrenn og skiskyting.
34-åringen har konkurrert på øvste nivå sidan Paralympics i Salt Lake City i 2002. Han har 16 år på rad tatt medaljar i alle store meisterskap han har deltatt i - noko som gjer at han kan vise til totalt 30 medaljar i Paralympics og VM.
Under Paralympics i Pyeongchang vann han bronse på 15 kilometer individuell skiskyting og sølv i open stafett.
- Denne prisen betyr utruleg mykje for meg. Ganske tidleg i idrettskarrieren min skjønte eg at det berre var dei aller største utøvarane som får denne prisen. Det krev utruleg mykje. Derfor er eg utruleg stolt, audmjuk og takknemleg.
- Eg vil takke både Norges Skiskytterforbund, Norges Skiforbund, Olympiatoppen og ikkje minst Norges idrettsforbund for den jobben dei gjer, sa prisvinnaren i takketalen.
(©NPK)
Nils Erik Ulset fekk fredag tildelt Egebergs Ærespris. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.