Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Suksesstrenaren Lars Arne Nilsen forlenger kontrakten med Brann. Den nye avtalen strekkjer seg ut sesongen i 2022.
stian.johnsen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 21.09.2018 kl 10:51
Sist oppdatert: 21.09.2018 kl 14:51
Brann bekreftar Nilsens nye kontrakt på nettstaden sin.
Nilsen overtok Brann i mai 2015 og leidde laget tilbake til Eliteserien. Då opprykket var i boks, vart avtalen hans forlengd til ein treårig kontrakt ut 2018. Denne vart igjen forlengd med ytterlegare eitt år i desember 2016.
No er det klart at Nilsen igjen forlenger med bergensklubben som er på gulljakt i år.
- Lars Arne Nilsen kom inn på eit vanskeleg tidspunkt, men klarte å levere resultat frå første dag. Totalt sett har resultata vore strålande, med opprykket i 2015, sølv i 2016 og to sesongar høgt oppe i Eliteserien etter det, seier sportssjef Rune Soltvedt.
- Vi trur Lars Arne er rett mann til å leie trenarteamet og spelarane våre vidare mot nye mål. Vi trur på kontinuitet og langsiktigheit, og det ønsker vi å synleggjere gjennom å knyte han opp på ein lengre avtale, legg han til.
54-årige Nilsen har leidd Brann i 116 kampar så langt.
- Det er ei stor tillitserklæring at Brann tenkjer langsiktig og signaliserer tru på det vi har sett i gang. Eg ønsker at vi skal ta endå fleire steg i åra som kjem, seier han.
(©NPK)
Lars Arne Nilsen har stor suksess som Brann-trenar. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix