Klargjør siden...

Njåtun viste sommarform

Skøyteløpar Ida Njåtun leverte ein sterk 3000 meter under eit testløp i Vikingskipet fredag.

Den norske landslagsprofilen gjekk i par mot den regjerande olympiske meisteren Carlijn Achtereekte og slo den nederlandske stjerna med over åtte sekund.

Njåtun fekk tida 4.16,16, mens Achtereekte gjekk på 4,24.48.

Njåtun starta offensivt og distanserte Achtereekte gjennom heile løpet.

Den personlege rekorden til Bærum-jenta på distansen er på 4.01,47. Den blei sett i Salt Lake City i 2013.

Også Sverre Lunde Pedersen, Allan Dahl Johansson og resten av dei norske herreløparane var i aksjon på 3000 meter fredag. Lunde Pedersen klokka inn til tida 3.44,30 i samløp med Dahl Johansson. Det var berre to sekund bak gjeldande banerekord.

Dahl Johansson fekk tida 3.48.64. Det er meir enn fire sekund raskare enn han tidlegare har gått 3000 meter i Vikingskipet.

- Eg er der eg skal vere i byrjinga av august, sa Lunde Pedersen etter løpet.

(©NPK)

Ida Njåtun gjekk ein sterk 3000 meter på Hamar fredag. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Annonse