Nord-Korea: Alvorleg provokasjon av USA å føre landet opp på terrorliste

Nord-Korea fordømmer USAs avgjerd om å føre landet opp på ei liste over statar som finansierer terrorisme og kallar kunngjeringa «ein alvorleg provokasjon».

Sanksjonar kjem aldri til å tvinge Nord-Korea til å skrinleggje det kjernefysiske våpenprogrammet sitt, åtvarar regimet.

- Vår hær og vårt folk er fylt av raseri og sinne mot dei avskyelege kjeltringane som vågde å plassere namnet på det heilage landet vårt på denne ynkelege lista over «terrorisme», skriv det statlege nyheitsbyrået KCNA og viser til ein talsperson for det nordkoreanske utanriksdepartementet.

- Vi kjem til å styrkje avskrekkingsevna vår ytterlegare så lenge USA held fram med den fiendtlege politikken overfor landet vårt, seier vedkommande.

Oppføringa rettferdiggjer utvikling av kjernefysiske våpen, meiner dei nordkoreanske styresmaktene.

(©NPK)

USAs president Donald Trump har vedtatt å føre Nord-Korea opp på ein liste over statar som finansierer terrorisme. Det skaper sinne i Pyongyang. Bildet er frå ein nyheitssending på ein fjernsynsskjerm på ein jernbanestasjon i Sør-Koreas hovudstad Seoul. Foto: AP / NTB scanpix

Annonse
Annonse