Annonse

- Nord-Korea endrar forsvarsleiinga før Trump-møtet

Nord-Korea har skifta ut fleire av militærtoppane i landet, ifølgje etterretningsopplysningar som Sør-Korea har henta inn.

I førre månad kunngjorde statlege medium i Nord-Korea at Kim Su-gil var blitt utpeikt til ny leiar for det mektige politibyrået til hæren. Han erstatta då Kim Jong-gak.

Ifølgje det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap, som viser til etterretningskjelder, har også generalstabssjef Ri Myong-su blitt bytt ut med sin nestkommanderande, Ri Yong-gil.

Vidare har forsvarsminister Pak Yong-sik blitt etterfølgt av No Kwang-chol, som var første viseminister, ifølgje Yonhaps opplysningar.

Den nye forsvarsministeren No er kjent som «moderat», ifølgje Yonhaps kjelder.

- Nord-Korea ser ut til å ha fått inn nye personar ettersom dei tidlegare leiarane mangla evne til fleksibel tankegang, seier ei kjelde.

Endringane i militærleiinga representerer ei fortsetting av kontrollen partiet har over hæren, uttaler ekspertar ved NK Leadership Watch, ein del av overvåkings- og analysegruppa 38 North. Dei viser til at Kim Su-gil er ein «høgt fortrudd» person i Kim Jong-uns krins og at endringane kan ha som mål å hindre innvendingar om det blir gjort endringar i atompolitikken i landet som følgje av det kommande toppmøtet mellom USAs president Donald Trump og Kim.

(©NPK)

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un (til høgre) skifter ut fleire sentrale personar i militærleiinga. Foto: AP / NTB scanpix

Annonse