Klargjør siden...

Nord-Korea framleis villige til å møtast «når som helst»

Nord-Korea seier USAs avgjerd om å avlyse det planlagte toppmøtet er «svært beklageleg», og at dei framleis er villige til å møtast.

- Den plutselege kunngjeringa om at møtet er avlyst er uventa for oss, og vi kan ikkje gjere anna enn å synast at det er svært beklageleg, sa Nord-Koreas viseutanriksminister Kim Kye-gwan i ei pressemelding via Nord-Koreas statlege nyheitsbyrå KCNA fredag.

- Vi presiserer igjen vår vilje til å sitte ansikt til ansikt når som helst og i kva som helst form, for å finne løysingar på problemet, la han til.

Avlyste møte

President Donald Trump avlyste toppmøtet, som skulle haldast i Singapore 12. juni, i eit brev adressert direkte til den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un torsdag. Her heiter det at det vil vere upassande å halde møtet no sett i lys av det «veldige sinnet» og den «opne fiendskapen» i Nord-Koreas siste utsegner. Trump dikterte brevet sjølv, ifølgje den republikanske senatoren Cory Gardner.

Nord-Korea hevdar fredag at USAs avgjerd ikkje er i tråd med ønska til resten av verda, og presiserer at dei ønsker å finne løysingar for å lette på spenningane i forholdet til USA. Kim Kye-gwan seier Kim Jong-un heile tida har førebudd seg på at møtet ville finne stad.

- Leiaren vår har også sagt at eit møte med president Trump ville danne ei god byrjing, og han har lagt mykje innsats i førebuingane av dette.

Sprengde testanlegg

Trumps avgjerd om å avlyse møtet vart kjent rett etter at Nord-Korea erklærte at deira einaste anlegg for testing av atomvåpen var øydelagt. Kim Jong-un kunngjorde tidlegare i månaden at anlegget skulle leggjast ned i forkant av det planlagte toppmøtet.

Men ifølgje utanriksminister Mike Pompeo hadde ikkje lenger USA grunn til å tru at møtet kunne bli vellykka. Avgjerda kom også på bakgrunn av ein serie med nordkoreanske løftebrot, ifølgje ei kjelde i Det kvite hus.

Trump sa likevel torsdag at han er open for at eit møte med Kim kan finne stad på eit seinare tidspunkt.

- Brevet kan verke truande

FN uttrykte djup bekymring, og Sør-Korea kalla inn til krisemøte etter avlysinga torsdag. Christopher Hill, som var sjefforhandlar med Nord-Korea under president George W. Bush, seier Trumps beskjed var høfleg, men at den kan verke noko truande.

Han trur Trump droppa møtet då «han plutseleg innsåg at Nord-Korea ikkje var førebudde på å gi opp atomvåpena utan å få noko igjen for det.» Men den tidlegare leiaren for FNs atominspektørar, Olli Heinonen, trur ikkje døra no er stengt.

- Han testar kor villig Kim er. Vi må hugse på kvifor Kim kjem på møtet. Sanksjonane luggar, dei har økonomiske problem der. Eg trur ikkje dette er slutten, seier han.

Blanda reaksjonar

Mens mange har uttrykt skuffelse over Trumps avgjerd, er Japan positive til avgjerda.

- Det er meiningslaust å halde eit toppmøte mellom USA og Nord-Korea utan å oppnå noko, sa den japanske utanriksministeren Taro Kono.

Sør-Korea, som har vore ein svært viktig pådrivar for tilnærminga dei siste månadene mellom nord, sør og USA, er blant dei som er skuffa over utviklinga. Den sørkoreanske gjenforeiningsministeren Cho Myoung-gyon seier fredag at dei vil gjere sitt for å sette ein endeleg fredsavtale med Nord-Korea ut i livet.

- Det ser ut til at nord er oppriktig førebudd på å implementere avtalen og vil legge ned ein innsats for atomnedrustning og fredsbygging, sa Cho.

(©NPK)

Folk kikar på ei TV-sending om Donald Trump og Kim Jong-un i den sørkoreanske hovudstaden Seoul tidlegare denne månaden. Foto: AP/NTB scanpix