Annonse

Nordiske statsministrar vil samarbeide om 5G

Dei nordiske statsministrane avslutta sitt to dagar lange møte i Sverige med å signere ein intensjonsavtale om å samarbeide om den nye 5G-teknologien.

Sveriges statsminister Stefan Löfven lovar at dei nordiske landa kjem til å liggje i forkant i utviklinga av 5G.

- Vi blir den første samanlenka 5G-regionen i verda. Det skaper arbeid og velstand i våre land, sa Löfven då statsministrane avrunda møtet i den vesle byen Örnsköldsvik i Västernorrland aust i Sverige.

Det uformelle nordiske statsministermøtet vart tysdag innleidd med båttur og den tradisjonsrike svenske retten surstrømming, og uformelle politiske samtalar. Same dag varsla Danmark og Sverige eit utvida forsvarssamarbeid, i første omgang om luftovervaking i østersjøregionen.

Statsminister Erna Solberg (H) var invitert til møtet saman med Danmarks Lars Løkke Rasmussen, Finlands Juha Sipilä og Islands Katrín Jakobsdóttir.

Saman har dei også besøkt ei utstilling der dei fekk sjå eksempel på produkt der 5G blir brukt, for eksempel dronar som kan levere hjertestartarar og førarlause transportmiddel.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg og Sveriges statsminister Stefan Löfven under det nordiske statsministermøtet i Örnsköldsvik. Foto: Erik Mårtensson / TT / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg (f.v.), Finlands statsminister Juha Sipilä, Danmarks statsminister Lars Løkke Rasmussen, Islands statsminister Katrín Jakobsdóttir og Sveriges statsminister Stefan Löfven underteikna ein avtale om samarbeid om 5G-teknologi under det nordiske statsministermøtet i Örnsköldsvik i Sverige. Foto: Erik Mårtensson / TT / NTB scanpix

Statsminister Stefan Löfven og kona Ulla helsar på statsminister Erna Solberg i Örnsköldsvik. Foto: Erik Mårtensson / TT / NTB scanpix

Annonse
Annonse