Klargjør siden...

Nordkoreansk general på besøk til USA

Den nordkoreanske generalen og partitoppen Kim Yong-chol er på veg til USA, bekreftar president Donald Trump.

Generalen er kommen til Kina og reiser onsdag vidare til New York, fortel kjelder i diplomatiet til det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap.

Trump bekreftar på Twitter at Kim Yong-chol er på veg til USA. Kim ser dermed ut til å bli den øvste representanten for nordkoreanske styresmakter som besøkjer USA sidan 2000. Den gong hadde visemarskalk Jo Myong-rok samtalar med president Bill Clinton.

Kim Yong-chol blir omtalt som den nordkoreanske leiaren Kim Jong-uns høgre hand. I tillegg til å vere general er han viseformann i sentralkomiteen i det nordkoreanske regjeringspartiet.

Reisa er truleg ein del av det hektiske diplomatiet i forkant av det planlagte toppmøtet mellom Kim Jong-un og USAs president Donald Trump. I augneblinken ser det ut til at møtet kan bli gjennomført i Singapore 12. juni - trass i at Trump avlyste det for under ei veke sidan.

Ifølgje amerikanske, japanske og sørkoreanske medium har det vore møte mellom Nord-Korea og USA i fleire land dei siste dagane.

(©NPK)

Kim Yong-chol (t.v.) blir omtalt som Nord-Koreas leiar Kim Jong-uns (t.h.) høgre hand. Illustrasjonsfoto: South Korea Presidential Blue House / Yonhap via AP / NTB scanpix

Annonse
Annonse
Annonse