Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Nordmenn toppar sjukefråværsstatistikken i Skandinavia. Virke trur det kjem av sjukelønnsordninga i Noreg kontra i våre naboland.
annika.bohnenblust@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 01.06.2018 kl 07:33
Nordmenn har i gjennomsnitt 14,8 dagar sjukefråvær i året. Bak oss er svenskane med 11,9 dagar, mens danskane berre har 8,5 sjukedagar i året.
- Sjølvsagt er ikkje nordmenn meir sjuke enn svenskane og danskane. Det er nøydd til å vere forskjellane i sjukelønnsordninga som er den viktigaste årsaka, seier Virke-sjef Vibeke Hammer Madsen til VG.
Statistikk frå 2016 viser at delen av arbeidsstyrken som er sjuke er 6,3 prosent i Noreg, 3,8 prosent i Sverige og 3,6 prosent i Danmark.
I Noreg blir sjukelønn dekt i eitt år. Arbeidsgjevaren dekkjer dei første 16 dagane, før det offentlege dekkjer resten. I Sverige har ein karensdag der dei tilsette misser lønn første sjukedag. Etter det får dei 80 prosent av lønna. I Danmark er sjukepengeutbetalinga 4.245 kroner per veke, men to tredeler av danskane har avtalar som gir rett til full lønn.
Virke har rekna på at utgiftene for sjukefråværet i Noreg er på rundt 69,9 milliardar kroner. 42,6 milliardar er offentlege utgifter, i tillegg til rundt 27 milliardar som bedriftene må ut med.
Madsen meiner tiltak, som for eksempel redusert lønn, bør vurderast.
(©NPK)
Nordmenn har meir sjukefråvær enn naboane Sverige og Danmark. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix
Vibeke Hammer Madsen trur fråværet kjem av sjukelønnsordninga i Noreg. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.