Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Vi både snakkar meir og er lengre i telefonen, og brukar meir mobildata enn før, viser ferske tal frå Telenors mobilnett for 2020.
kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 22.12.2020 kl 10:14
– Når vi er i ein krisesituasjon, er det tydeleg at vi har behov for kontakt med familie og venner, seier Ric Brown, mobildirektør i Telenor Noreg, i ei pressemelding.
– Statistikken vår stadfestar dette og viser at nordmenn i gjennomsnitt snakka 55 timar i telefonen i 2020. Det er ein auke på over ni prosent frå i fjor. Endringa er ikkje dramatisk, men vi ser at lengda på samtalane svingar i takt med utviklinga i koronasituasjonen, seier han.
2020 har vore eit år utanom normalen. Dette gjeld òg måten vi brukar mobilen på. Vi både snakkar meir og lengre i telefonen, og brukar meir mobildata enn før.
Tal frå Telenors mobilnett viser at innbyggjarane i Viken er dei mest snakkesalige i landet. Her brukar ein i gjennomsnitt 58 timar i telefonen. Rogaland er på sisteplass. Der brukte innbyggjarane i gjennomsnitt snautt 48 timar i telefonen. Og menn snakka meir enn kvinner.
– Det er tydeleg at det er geografiske forskjellar, men det er òg interessant at undersøkingane våre avkreftar myten om at kvinner snakkar meir enn menn. Tala våre viser at medan kvinner snakka 51,8 timar i gjennomsnitt på telefonen, brukte menn i snitt heile 52,1 timar på talerøyret i 2020, seier Brown.
I 2020 har dei fleste vore meir tid innandørs enn nokosinne, noko som naturlegvis har påverka forbruket av mobildata. Telenors statistikk over mobilbruk viser at forbruket held fram med å auke, frå 51 gigabyte (GB) i gjennomsnitt i 2019 til 58 gigabyte i snitt i 2020.
– I Telenor har vi tidlegare estimert at dataforbruket vil auke rundt 30 prosent årleg. I 2020 var auken i gjennomsnitt på nærare 14 prosent, så det er tydeleg at covid-19 har hatt ein effekt på mobildataforbruket. Det er naturleg når vi brukar det meste av tida heime. Dersom vi inkluderer alle mobildatatenester, mellom anna trådlaust breiband, blir biletet annleis. Forbruket av mobildata i november samanlikna med same månad i fjor har då auka med heile 40 prosent. Nordmenn er framleis høgforbrukarar av mobildata, seier mobildirektør Ric Brown.
Menn toppar òg denne lista. Ifølgje statistikken brukte menn i gjennomsnitt 69 GB mobildata i 2020, medan kvinner i gjennomsnitt bruker 45 GB. Det er ein tydeleg oppgang frå fjoråret, der menn brukte 58 GB og kvinner 40 GB. Her er det òg tydelege geografiske forskjellar.
– Oslo-borgarar bruker desidert mest mobildata i Noreg, med eit forbruk på over 74 GB i gjennomsnitt. På andreplass finn vi Troms og Finnmark, tett følgd av Trøndelag på tredjeplass, seier Brown.
(©NPK)
Nordmenn har brukt mobilen som aldri før i 2020. Foto: Berit Roald / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.