Nordmenn splitta i synet på Solbergs handtering av Listhaug-saka

31 prosent meiner Erna Solberg (H) har handtert debatten rundt tidlegare justisminister Sylvi Listhaug (Frp) dårleg, mens 24 prosent kallar handteringa god.

31 prosent meiner Erna Solberg (H) har handtert debatten rundt tidlegare justisminister Sylvi Listhaug (Frp) dårleg, mens 24 prosent kallar handteringa god.

Det viser ei meiningsmåling Ipsos har gjort for Dagbladet. 37 prosent av dei spurde svarar at Solberg har handtert saka på ein «middels måte», mens sju prosent svarar «veit ikkje».

Bakgrunnstala viser at kor tilfreds dei spurde var med Solberg auka svakt etter at Listhaug trekte seg som statsråd tysdag.

- Saka har skapt ein større grad av polarisering mellom borgarleg og raudgrøn side. Solberg klarer seg godt blant sine eigne, men saka kan ha vore uheldig for hennar rolle som samlande figur, seier valforskar Johannes Bergh til avisa.

Statsministeren seier ho tar undersøkinga til etterretning.

- Veljarane likar ikkje bråk og politisk konflikt. Då er det naturleg med ei lita endring, seier ho.

- Kunne unnskyldt tidlegare

Solberg er for tida i Paris, der ho onsdag skal opne eit antikorrupsjonsforum i regi av Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).

Til VG seier statsministeren at det var nødvendig å støtte Listhaug på grunn av det borgarlege samarbeidet.

- Det er sikkert mange ting ein kunne gjort annleis i ein sånn prosess, for det er noko med dynamikken. Eg kunne vore tidlegare ute med ei unnskyldning. Men når ting utviklar seg raskt, er det lett med etterpåklokskap, seier ho.

- Godt samarbeid

Ho meiner samarbeidsklimaet i regjeringa er godt, trass i uroa som har vore.

- Vår oppleving internt i regjeringa er at dette var ei sak vi handterte ved å stille oss solidarisk, og så er det klart at det er vanskelegare med tanke på KrF, som meinte ein burde stått tydelegare opp, seier Solberg.

(©NPK)

Det er delte meiningar om korleis statsminister Erna Solberg (H) handterte bråket rundt tidlegare justisminister Sylvi Listhaug (Frp). Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Annonse