Klargjør siden...

Nordtveit trur på offensiv ketsjupeffekt

Håvard Nordtveit har gjort unna skade og sjukdom før han igjen er speleklar for Noreg. Han er klar for revansj mot Bulgaria.

- Det var smått utruleg det som skjedde der nede. Dei fekk ein einaste sjanse og greidde å setja han i mål, mens vi hadde fleire utan å lykkast. Slik er fotball, og det gjer det iallfall underhaldande, men eg trur alle er ute etter revansj mot Bulgaria, seier han til NTB.

Hoffenheim-spelaren blei utvist med sitt andre gule kort i sluttminutta i Sofia og var difor utestengd då Noreg vann 1-0 over Slovenia laurdag. Han såg erstattarane halda fram den fine defensive trenden, der Noreg i kamp etter kamp har halde motstandarane nesten borte frå sjansar.

- Relasjonane vi har i og mellom ledda er utruleg bra. Vi merkar det sjølv når vi spelar 11 mot 11 på trening, at det er utruleg ekkelt å spela mot eit lag som er så godt defensivt. Du finn ikkje rom, seier han.

- Vi arbeider for kvarandre og tek stadig steg, og det tyder på at vi er på gang. Når ein skal konstruera noko stort, som eit hus, må ein ha eit godt fundament, og det fundamentet er forsvarsspelet.

Offensivt er det førebels meir å gå på, men Nordtveit trur det kan losna allereie tysdag.

- Vi har hatt ein del sjansar som vi normalt set, men eg trur på den beste ketsjupeffekten. Når målet kjem, og sjølvtilliten stig, så kan det koma fleire mål.

Han sleit med skade rett før samlinga og mista nokre kampar med Hoffenheim.

- Det var tett program. Eg skulle eigentleg kvila mot Dortmund, men kom inn dei siste 20 minutta. Eg skulle starta neste kamp mot Hannover, men så stivna hamstringen heilt. Eg var ute i åtte dagar og gjekk glipp av tre kampar, seier han.

- Nå kjennest hamstringen fin, og eg er ikkje sett tilbake formmessig. Eg er glad for situasjonen i klubblaget, der det kjem masse kampar framover.

Under første veka av samlinga stod han over eit par treningar på grunn av forkjøling.

- Det var god timing, for eg var jo utestengd den første kampen. At eg låg i senga litt snufsete og febervarm gjorde ingenting. Eg er klar mot Bulgaria, seier han.

(©NPK)

Håvard Nordtveit i aksjon med ballen under treninga til landslaget på Ullevaal stadion måndag. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix