Noreg er med på EU-ministermøte

Når EUs justis- og innanriksministrar møtest i Innsbruck torsdag deltek også Noreg med statssekretær Torkil Åmland frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Austerrike tok over formannskapen i EU 1. juli. Og i samsvar med den faste tradisjonen startar halvåret med uformelle ministermøte slik at vertslandet får eit høve til å diskutera tema dei ønskjer å prioritera under formannskapen sitt med dei europeiske kollegaene sine.

- Det er viktig for oss å følgja tett med på utviklinga i politikken til EU. Det gjev oss også høve til å fremja norske synspunkt og interesser, seier statssekretær Åmland i ei pressemelding.

Han peikar på at Schengen-samarbeidet er viktig i kampen mot grenseoverskridande kriminalitet og dei store migrasjonsutfordringane Europa står overfor.

Noreg har allereie eit omfattande samarbeid med EU om justis- og innanrikssaker. Deltakinga vår i Schengen-samarbeidet er ei av årsakene til at Noreg er invitert til innanriksdelen av møtet i Innsbruck.

På dagsordenen torsdag står asylpolitikk, grensekontroll, menneskesmugling, lokalorientert politiarbeid og kampen mot antisemittisme.

- Arbeidet mot antisemittisme bevegar seg framover, men det er mykje arbeid som står att. Handlingsplanen til regjeringa mot antisemittisme er retningsgjevande for arbeidet vårt. Eg ser fram til å lytta til erfaringane frå europeiske kollegaer og orientera om arbeidet til regjeringa, seier statssekretær Åmland.

(©NPK)

Noreg er med når EUs justis- og innanriksministrar møtest i Innsbruck torsdag.
Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / NTB scanpix

Annonse