Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
– Eg fordømmer Israels avgjerd om å legalisere ni busetjingsutpostar på den okkuperte Vestbreidda, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).
Publisert: 14.02.2023 kl 15:20
– Eg tek også sterk avstand frå planane om å byggje tusenvis av nye bustader i allereie etablerte busetjingar. Den israelske busetjingspolitikken på okkupert land er i strid med folkeretten og må stansast, heiter det i ei fråsegn frå Huitfeldt tysdag.
Statsminister Benjamin Netanyahus ytterleggåande høgreregjering vedtok søndag å legalisere ni såkalla utpostar på Vestbreidda. Utpostane har til no vore ulovlege, men likevel beskytta av israelske soldatar.
Legaliseringa inneber at dei ni utpostane vil bli gjort om til busetjingar, konstaterer Huitfeldt.
Dette kjem samtidig som fleire palestinske samfunn og landsbyar på Vestbreidda allereie står i fare for tvangsfordriving, legg ho til.
Den israelske regjeringa planlegg også å godkjenne rundt 10.000 nye bustader i dei eksisterande busetjingane, som ifølgje FNs tryggingsråd er ulovlege og i strid med folkeretten. Den fjerde Genèvekonvensjonen slår fast at okkupantmakter ikkje kan flytte delar av si eiga sivilbefolkning til territoria som blir okkuperte.
Israel har sidan 1967 etablert rundt 270 busetjingar og såkalla utpostar på Vestbreidda og vel 30 busetjingar på dei syriske Golanhøgdene. Busetjingane husar i dag rundt 700.000 israelarar.
Tysdag kom utanriksministrane i Frankrike, Italia, Storbritannia, Tyskland og USA med ein felles uttale der dei uttrykkjer «djup bekymring» for israelske planar om å byggje tusenvis av bustader i busetjingane.
– Vi er sterkt imot slike einsidige handlingar som berre vil forverre spenninga mellom israelarar og palestinarar og undergrave innsatsen for å oppnå ei framforhandla tostatsløysing, skriv ministrane.
Også fleire av Israels arabiske naboland – Egypt, Jordan og Saudi-Arabia – har kritisert busetjingsplanane.
USAs utanriksminister Antony Blinken hadde også komme med ei tilsvarande utsegn før fellesfråsegna.
– Vi er sterkt imot slike einsidige tiltak, som forverrar spenningane og undergrev utsiktene for ei forhandla tostatsløysing, seier han ifølgje nyheitsbyrået AP.
Israels finansminister Bezalel Smotrich avfeiar den amerikanske kritikken. Smotrich – som sjølv er ein religiøs, ultranasjonalistisk busetjar – vil gjere titals busetjingar i det okkuperte området lovlege. Han og hans allierte vil jobbe for å «fjerne alle avgrensingar på bygging i Judea og Samaria heilt», seier Smotrich og bruker dei bibelske namna på området.
– Regjeringa har gjort vårt syn klart overfor amerikanarane, og sjølv blant venner er det lov å vere usamde, seier ministeren.
I regjeringsavtalen er han lova kontroll over militæretaten som har ansvar for byggjearbeida i busetjingane. Han har tidlegare sagt at han vil overføre kontrollen over Vestbreidda til sivile styresmakter. Det vil i praksis innebere ei annektering av området, noko som vil føre til omfattande internasjonale reaksjonar.
Konflikten mellom Israel og palestinarane har blussa kraftig opp den siste tida. I fjor vart 178 palestinarar drepne av israelske styrkar i dei okkuperte områda, blant dei 42 mindreårige. Åtte palestinarar vart drepne av busetjarar.
Sidan årsskiftet er 46 palestinarar til drepne av israelske soldatar og busetjarar på Vestbreidda. Elleve israelarar er drepne i palestinske angrep, sju av dei ved ein synagoge i ei busetjing i Aust-Jerusalem.
– Eg er djupt uroleg over lidingane til befolkninga. Dei lever i frykt som følgje av hyppige angrep, drap og dødsfall, seier Huitfeldt.
Avgjerda til den israelske regjeringa om å etablere nye busetjingar vil truleg føre til ytterlegare oppblussing av vald, fryktar ho.
– For å unngå ytterlegare opptrapping av konflikten er det viktig at israelske styresmakter opphevar desse avgjerdene, som også undergrev tostatsløysinga og uunngåeleg vil bidra til meir konflikt, seier Huitfeldt.
– Det er viktig at den israelske regjeringa tek reelle grep for dempe konfliktnivået før situasjonen kjem ut av kontroll. Leiarar på palestinsk side må også bidra til å roe ned situasjonen, seier utanriksministeren.
Israels ytterleggåande høgreregjering har avgjort å etablere ni nye busetjingar i dei okkuperte palestinske områda. FN har slått fast at busetjingane er ulovlege og i strid med folkeretten. Foto: AP / NTB
Israel har trappa opp angrepa sine i dei okkuperte palestinske områda, men den palestinske motstanden held fram. Foto: AP / NTB
Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) fordømmer den israelske avgjerda om å etablere nye busetjingar i dei okkuperte palestinske områda. Foto: Terje Pedersen / NTB