Noreg klatrar éin plass på Fifa-rankinga - Belgia til topps

Dei norske fotballherrane hevar seg eitt steg til 52.-plass på den ferske Fifa-rankinga. Belgia og verdsmeister Frankrike deler førsteplassen.

Etter siger over Kypros og tap mot Bulgaria i nasjonsligaen blir det forsiktig framgang for Lars Lagerbäcks menn.

Bulgaria klatrar på si side tre plassar og er best plassert av Noregs gruppemotstandarar på 44.-plass.

I toppen av lista har Fifa rangert Belgia og Frankrike på delt 1.-plass, men belgiarane er nemnt først med sine 1729,25 rankingpoeng mot 1729,12 for franskmennene.

Noreg har til samanlikning 1405 rankingpoeng.

Brasil følgjer på 3.-plass på lista, mens tapande VM-finalist Kroatia er nummer fire. Tyskland hevar seg tre plassar og ligg på 12.-plass etter å ha falle kraftig som følgje av VM-fiaskoen i sommar.

Danmark er best rangert av dei nordiske laga på 10.-plass. Sverige er nummer 15, mens Island fell fire hakk til 36.-plass etter ei frykteleg innleiing på nasjonsligaen.

(©NPK)

Noregs fotballherrar ligg på 52.-plass på den siste Fifa-rankinga.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse