Annonse

Noreg møter verdsmeister Sverige i neste ishockey-VM

Noreg spelar i gruppe B i Bratislava og skal ut mot Sverige, Russland, Tsjekkia, Sveits, Latvia, Austerrike og Italia i ishockey-VM neste år.

- Ei tøff gruppe sett med norske auge, med VM-vinnarane frå Sverige og tapande finalist Sveits. Eg visste at vi kanskje skulle ut i den andre gruppa, men at det kunne komme endringar. No får vi Austerrike og Italia i staden for Frankrike og Storbritannia, var landslagssjef Petter Thoresens reaksjon overfor NTB etter at gruppefordelinga blei klar tysdag ettermiddag.

Føljande lag er i gruppe B, som blir spelt i Bratislava: Sverige, Russland, Tsjekkia, Sveits, Noreg, Latvia, Austerrike, Italia. Gruppe A blir spelt i Kosice og består av Canada, USA, Finland, Tyskland, Slovakia, Danmark, Frankrike, Storbritannia.

Den einaste endringa mot det opphavlege oppsettet til Det internasjonale ishockeyforbundet (IIHF) var at vertsnasjonen Slovakia valde å spele i Kosice og dermed bytta plass med Noreg.

Berga plassen

Noreg enda på 13.-plass i årets VM, men beheldt likevel 9.-plass på IIHF-rankinga etter at meisterskapen i Danmark var over. Canada toppar framfor VM-vinnar Sverige.

- Rankinga er allereie eit parameter ut frå korleis sesongen er. Det er nok kvartfinaleplassen i OL som redda sesongen for oss, seier sportssjef Petter Salsten til NTB.

Det var allereie klart at Canada, som tok fjerdeplassen i VM, ville behalde topplasseringa si på rankinga etter at dei slo ut Russland i kvartfinalen.

Slik er rankinga:

1) Canada 3990, 2) Sverige 3945, 3) Russland 3930, 4) USA 3765, 5) Finland 3765, 6) Tsjekkia 3690, 7) Sveits 3590, 8) Tyskland 3575, 9) Noreg 3270, 10) Slovakia 3245, 11) Latvia 3225, 12) Danmark 3130, 13) Frankrike 3115.

Andre elitenasjonar: 17) Austerrike 2830, 19) Italia 2725, 22) Storbritannia 2465.

(©NPK)

Eirik Salsten og Noreg beheldt 9.-plassen på rankinga etter VM i Danmark. Foto: Petr David Josek / AP / NTB scanpix

Annonse