Klargjør siden...

Noreg og Kina signerer idrettsavtale

Noreg skal hjelpe Kina til å bli ein stornasjon innanfor langrenn, mens kineserane skal hjelpe Noreg i bordtennis.

Dette er eitt av måla i avtalen som etter det NTB erfarer skal underteiknast hos Kinas president Xi Jinping tysdag, når kongen og utanriksministeren besøkjer Folkets store hall.

Kina, som skal arrangerer vinter-OL i 2022, har lenge ønskt å bli betre i vinteridrett og driv allereie eit mindre samarbeid med Noreg. No blir denne intensjonen stadfesta i ein bilateral avtale - og eit kraftig utvida samarbeid.

- Det som ligg i krafta av idretten er jo å lære av kvarandre og utveksle. Denne avtalen handlar om ski, men også bordtennis - at vi skal lære av dei, seier idrettspresident Tom Tvedt til NTB.

- For tida er det blant anna to norske bordtennisspelarar som dei siste vekene har vore i trening i Kina. Dette går begge vegar, seier han.

- Ganske mange

Akkurat no er også 56 kinesarar i Noreg for trene seg opp i skisport.

- Dette talet kjem til å auke veldig med den avtalen som blir signert, og som gjeld for 2019 og 2020, seier Tvedt.

Forutan vinteridrett, har det kinesiske handballandslaget uttrykt interesse for å lære meir av Noreg.

- Vi må passe på at vi ikkje tømmer oss for trenarressurser, for det kjem ganske mange kinesarar, seier Tvedt.

På den andre sida leitar idrettsforbundet etter område der Noreg kan lære av Kina, blant anna blir idrettsmedisin og utdanning trekt fram.

Døropnar

Avtalen er forankra på aller høgste nivå.

Allereie då statsminister Erna Solberg (H) besøkte Beijing i fjor, uttrykte president Xi Jinping eit ønske om å lære av Noregs suksess innan vinteridrett.

I mai i fjor inngjekk landa ein handlingsplan på området, og på tysdag blir samarbeidet teke opp til eit nytt nivå.

Vintersport var også noko av det første utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) diskuterte med sin kinesiske kollega, Wang Yi, etter at Søreide vart utanriksminister i fjor haust.

- Det interessante er at denne dialogen også opnar opp dialogen på mange andre felt. Den interessa dei viser er veldig bra, seier Søreide til NTB.

- Treng kinesarane

Kina har sett seg eit hårete mål: Nemleg at 300 millionar kinesarar skal bli aktive vintersportarar.

- Det er ganske stort, og det vil jo før eller sidan utgjere ein konkurranse mot Noreg. Eg har sagt til min kinesiske kollega at vi gjerne lærer bort det vi kan. Men dei må ikkje bli for gode, seier utanriksministeren og ler.

Idrettspresidenten Tom Tvedt er heller ikkje i tvil om at kinesarane kjem til å bli gode.

- Det at kinesarane kjem på ski, det er eg 100 prosent sikker på. Det ser eg berre på det dei stiller opp med av ressursar. Og så trur eg at vi som vinternasjon treng kinesarane med i racet på vinteridrett, seier han.

Kongen har trua på kinesarane

Måndag var kongeparet, idrettspresidenten og utanriksministeren tilskodarar under eit rulleskirenn ved OL-stadionet Fuglereiret i Beijing, der dei også åt lunsj med Kinas idrettspresident Gou Zhongwen.

Kongen trur at den neste Bjørgen, Klæbo eller Johaug kan bli kinesisk.

- Det trur eg heilt sikkert - på sikt. Det er berre eit tidsspørsmål. Eg har spøkt med kinesarane og sagt at dei må trene seg opp til å bli nummer to, seier han.

(©NPK)

Det som kan bli Kinas framtidige langrennshåp vifta med norske og kinesiske flagg under eit rulleskirenn i Beijing måndag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Kong Harald og dronning Sonja helsar på unge kinesiske rulleskiutøvarar utanfor Beijings mest berømte friidrettsstadion, Fuglereiret i Beijing måndag. Norges idrettspresident Tom Tvedt i bakgrunnen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Kinesiske langrennsutøvarar under eit rulleskirenn utanfor Kinas mest berømte friidrettsstadion, Fuglereiret, i Beijing måndag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

F.v.: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide, kong Harald, Kinas idrettsminister Gou Zhongwen, dronning Sonja og idrettspresident Tom Tvedt under ein lunsj i Kinas mest berømte friidrettsstadion, Fuglereiret i Beijing måndag. Lunsjen markerer idrettssamarbeidet mellom Noreg og Kina, og avtalen som skal signerast tysdag.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Idrettspresident Tom Tvedt seier at det kjem mange kinesarar til Noreg for å lære vinteridrett av oss i tida som kjem. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix