Klargjør siden...

Noreg opna sjakk-OL med overlegne sigrar

Dei norske laga i sjakkolympiaden i Georgia fekk ein glimrande start med kvar sin 4-0-siger måndag.

Det norske herrelaget stiller i open klasse og imponerte med siger i alle fire parti mot Namibia. Aryan Tari møtte McLean Handjaba med svart og gav laget ein flott start ved å ta heim partiet til sin fordel etter 33 trekk.

Johan-Sebastian Christiansen slo også motstandaren sin, Leonhard Mueller, med svarte brikker.

Frode Olav Olsen Urkedal møtte Dante M. Beukes med kvitt, mens Benjamin Arvola Notkevich hadde kvite brikker då han slo Immanuel Gariseb.

Også det norske laget i kvinneklassen fekk ein perfekt OL-start med 4-0 over Sudan. Hanna B. Kyrkjebø slo Jadalla Marwa med svarte brikker, Monika Machlik slo Naiwa Mohammed Ahmed med kvite brikker, Sheila Barth Sahl slo Gadalla Karar Sara med svart, mens Ellen Hagesæther slo Jamal Rawan med kvite brikker.

Årets OL-turnering blir spelt i Batumi i Georgia. Sjakkeinaren Magnus Carlsen har vald å ikkje delta.

(©NPK)

Annonse