Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
FN har igjen kåra Noreg til det beste landet i verda å bu i. Men mange av dei fattigare landa får òg gradvis betre levekår.
uvakt@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 14.09.2018 kl 16:52
Som mange gonger før tronar Noreg på toppen av lista over land som er rangerte etter FNs levekårsindeks.
FNs utviklingsprogram (UNDP) offentleggjorde den siste utgåva av lista fredag. Sveits, Australia, Irland, Tyskland, Island og Hongkong følgjer på plassane etter Noreg.
Nedst på lista ligg fleire fattige afrikanske land som er ramma av krig eller konflikt: Niger, Den sentralafrikanske republikken, Sør-Sudan og Tsjad.
UNDP påpeikar at ulikskapane framleis er store mellom landa på lista. Men den generelle utviklinga er at det gradvis går betre over store delar av verda.
I 2010 vart 49 av landa nedst på lista plasserte i kategorien «low human development». Det talet var i fjor redusert til 38.
(©NPK)
Tidlegare kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) under eit besøk på Berg skule i Oslo i fjor. Utdanning er ein av faktorane som tel med når FNs levekårsindeks blir rekna ut. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix