Klargjør siden...

Noregs "ukjente" sjakkspelar à poeng med Carlsen

Johan-Sebastian Christiansen ligg på ein 25.-plass etter første dag av lynsjakk-VM. Han har like mange poeng som den langt meir kjente Magnus Carlsen.

Nittenåringen hadde ein svært god opningsdag i Saudi-Arabia og slo mellom anna knallsterke spelarar som Vassilij Ivantsjuk og Peter Leko.

Han hadde seks poeng før det siste partiet fredag og avslutta sterkt med kvite brikker da han slo russaren Sergej Grigoriants.

Det sende han opp på sju poeng, like mange som Magnus Carlsen hadde etter at sistnemnde tapte med kvite brikker mot kinesaren Yu Yangyi i avslutningspartiet fredag.

- Eg føler meg ekstremt bra. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie, sa Christiansen til NRK før avslutningspartia og la til at det hadde vore morosamt å møte Carlsen i éin av dei siste rundane fredag.

Det fekk han ikkje, men nittenåringen er à poeng med sin meir profilerte landsmann før avslutningsdagen.

(©NPK)