Norsk Lektorlag avsluttar streiken

Norsk Lektorlag avslutta fredag streiken som har gått føre seg sidan tysdag. 44 lærarar ved Drammen vidaregåande skule og Horten vidaregåande skule har streika.

Det er klart etter at Lektorlaget og KS fredag kveld var i samtalar hos Riksmeklaren

– Etter samtaler med Riksmeklaren har vi vedteke å avslutte streiken. Vi er slett ikkje fornøgde med resultatet, men det har inga hensikt å halde fram ein streik som ikkje rammar arbeidsgivar tilstrekkeleg, eller kan rokke ved den økonomiske ramma, seier fungerande leiar Helle Christin Nyhuus i Norsk Lektorlag i ei pressemelding.

Då dei 44 lektorane vart tekne ut i streik tysdag, var Lektorlaget åleine om å vere i streik i KS-området, sidan Unio-streiken vart stoppa av tvungen lønnsnemnd. LO, YS og resten av Akademikerne sa ja til eit forslag frå Riksmeklaren 26. mai.

(©NPK)

Annonse
Annonse