Norsk spesialskip gir opp leitinga etter MH370

Det norske spesialskipet som har deltatt i leitinga etter det sakna passasjerflyet frå Malaysia Airlines i Indiahavet, set no kursen heimover.  

Malaysia Airlines rute MH370 forsvann på veg frå Kuala Lumpur til Beijing med 239 menneske om bord i mars 2014.

Flyet er aldri funne, men funn av vrakrestar avgrensa først leitinga til eit 25.000 kvadratkilometer stort område i Indiahavet. Sidan blei området utvida til 112.000 kvadratkilometer.

Australia, Malaysia og Kina innstilte i januar 2017 leitinga etter det styrta flyet, men etter press frå etterlatne blei den tatt opp att i år.

Tre månader

Malaysia gav det amerikanske selskapet Ocean Infinity løyve i tre månader til å leite etter det sakna flyet og lovde drygt 540 millionar kroner dersom vraket blei funne.

Ocean Infinity leigde det norske supplyskipet Seabed Constructor frå selskapet Swire Seabed i Bergen, utstyrt med seks avanserte Hugin-miniubåtar utvikla av Kongsberg Maritime i Horten. Desse kan leite ned til 6.000 meters djupne.

Seabed Constructor har sidan søkt gjennom heile 112.000 kvadratkilometer med havbotn, men utan å finne spor etter H370. No blir leitinga avblåst.

- Ekstremt skuffande

- Ekstremt skuffande, seier Ocean Infinitys leiar Oliver Plunkett.

- Motivasjon vår for å ta opp att leitinga var delvis håpet om å gi nokre av dei berørte svar. Det er derfor med tungt hjarte vi avsluttar søket utan å ha nådd dette målet, seier han.

Ein talsperson for familiane til dei som omkom i flystyrten takkar Ocean Infinity for forsøket på å finne det sakna flyet.

- Ein stor takk til Ocean Infinity. Vi er takknemlege for at dei prøvde, seier Grace Nathan, som sjølv mista mora si i styrten.

(©NPK)

239 omkom da Malaysia Airlines rute MH370 forsvann på veg frå Kuala Lumpur til Beijing i mars 2014. No er leitinga avslutta, utan at dei pårørande har fått svar på kva som skjedde med flyet og kvar det styrta. Foto: AP / NTB scanpix

Finnarlønna var opptil 70 millionar dollar viss det norske spesialskipet Seabed Constructor klarte å lokalisere det sakna flyet.

Annonse