Norsk studie: Likskap i smerteterskel mellom venner

Ein ny norsk studie tyder på at det er samanheng mellom kor mykje smerte folk toler og kva venner dei har. 

Studien vart nyleg publisert i forskingstidsskriftet Scandinavian Journal of Pain, og det er blant anna forskarar frå Universitetet i Oslo (UiO) og Universitetet i Tromsø (UiT) som står bak. Dataa er henta frå «Tromsøstudien: Fit Futures» der ein har kartlagt smertetoleransar og det sosiale nettverket til nesten 1.000 elevar på vidaregåande skular i Tromsø og Balsfjord.

- Det sosiale nettverket vart målt ved at alle elevane vart bedne om å gi opp opptil fem venner. Smertetoleranse vart målt med ein såkalla «cold-presser»-test, der deltakarane vart instruert til å halde handa si i kaldt, sirkulerande vatn (3°C) så lenge dei kunne - heilt til dei ikkje lenger tolte smerta, skriv UiO i ei pressemelding.

Det vart funne ein samanheng mellom smertetoleransen til personane som vart undersøkte og vennene deira. - Det er altså ein tendens til at venner er like i form av smertetoleranse (like barn leikar best), opplyser UiO.

Forskarane har to forklaringar på kvifor det er slik: enten vel folk venner ut frå likskap i smertetoleranse, eller så er smertetoleranse sosialt smittsamt.

Det blir peika på at sistnemnde effekt kan vere indirekte.

- Det vil seie at det ikkje er smertetoleranse i seg sjølv som er smittsamt eller påverkar vennskap, men heller andre eigenskapar, for eksempel livsstilsfaktorar som røyking og fysisk aktivitet.

Sjølv etter å ha justert for dette vart det framleis funne ein reell vennskapseffekt i studien.

(©NPK)

Vennegjengen har noko å seie for smertetoleransen. Her vrir Starts Adnan Hadzic seg i smerte etter ein takling under kampen mot Lillestrøm i april. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Annonse