Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Petter Northug seier at han neppe kjem til å gå fort på distanserenn før rundt nyttår. - Da kan det vere for seint, seier skistjerna.
kristian.muller.andersen@ntb.no/gunnhild.skjold@ntb.no
Publisert: 02.10.2018 kl 17:15
Northug møtte tysdag pressa i samband med at herrelandslaget i både sprint og allround har samling i Molde.
Medaljegrossisten har ikkje hatt ei optimal sesongoppkøyring. Nyleg var han forkjølt, og fekk ikkje trent hardøkter. Sjukdommen tvinga han også til å stå over ei samling for landslagssprintarane. På seinsommaren måtte han ta ein ufrivillig treningspause fordi han følte seg unormalt sliten etter eit treningsopphald i Spania.
- Fysisk skulle eg helst ha vore mykje betre no. Eg er nok litt på etterskot. Samtidig har eg vore i bra fysisk form dei to siste åra på denne tida, utan at det har hjelpt på vinteren. No må eg bruke tida godt og halde meg sjukdomsfri, sa 32-åringen tysdag.
Han innrømde at tida til sesongstart begynner å bli knapp.
- For min del skulle det vore 20 veker igjen, men sånn er det ikkje. Eg kjem uansett ikkje til å stresse med dei første skirenna. Eg må nok bruke november og desember som gode treningsmånader og samtidig krydre med nokon konkurransar, sa han.
Etter den siste sjukdomsperioden har han berre fått ti gode treningsdagar. På dei øktene har han visstnok følt seg seig.
Northug innser at det blir tøft å komme med på det norske VM-laget i vinter.
- Det er vanvitig tøft å komme med på det norske laget. Det er viktig å gå fort før jul for å gå seg inn. Eg trur derimot ikkje eg er kapabel til å gå fort på distanse før på nyåret. Da kan det vere for seint, sa langrennsstjerna.
Eit lite håp om eit godt skirenn tidlegare har han likevel.
- Eg håper å gå eit bra skirenn før jul som viser at eg er på rett veg, sa han.
For berre nokon år sidan kunne Northug nærmast sjølv velje kva distansar han ønskte å gå i meisterskap. No er situasjonen ein ganske annan.
- Det gjer det nesten meir spennande. Det er vanskeleg å spå ting og å legge planar ut frå kva ein ønsker. Det var nokon år eg kunne seie kva øvingar eg skulle gå i meisterskap og legge opp planen etter det. No er det annleis, sa han.
Hårete mål for Seefeld-VM har han likevel. På spørsmål om kva øvingar han ser for seg å gå i Austerrike, lyder svaret:
- Eg håper å kjempe om både sprint, tremil og femmil. Lagsprint blir ein bonus viss det går bra i sprint. Da er døra veldig open for å gå lagsprint og ikkje minst stafett, sa Northug.
Han er samtidig klar på at ein plass på det norske stafettlaget ikkje kjem av seg sjølv, og ankeretappen har han nesten gitt opp.
- Per dags dato er det vanskeleg å få gå på eit stafettlag så fort som det blir gått på distanse om dagen, og særleg med Johannes på siste. På den etappen blir vi andre berre ein haug reservar, sa Northug.
Trass mykje motgang dei siste åra har Northug aldri vurdert å gi seg. Motivasjonen er der framleis.
- Det er inga sjølvfølgje at kroppen skal svare like godt som før, men så lenge ein kjenner teikn på at han er der, er det framleis motiverande å prøve, sa skistjerna tysdag.
Han grev seg ikkje ned.
- Eg klarer å sjå det positive i ting uansett. Eg er ferdig med den tida der eg bekymrar meg over at ting ikkje går akkurat slik eg vil, sa Northug.
Landslagsløparane skal vere i Molde fram til 6. oktober.
(©NPK)
Petter Northug i Molde tysdag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.