Northug: - Eg skal ha is i magen

Petter Northug veit kva som må til for å unngå ein ny høgdesmell i den kommande VM-sesongen. Han kallar det «ei hovudarbeidsoppgåve».

Langrennsstjerna har fått dei to siste sesongane øydelagt av problem relatert til høgdetrening. For to år sidan trente han for hardt i kjølvatnet av eit høgdeopphald, og før den nyleg avslutta OL-sesongen blei det for hard trening i høgda.

Det vil ikkje 32-åringen ha nokon reprise av inn mot comebacksesongen på landslaget.

Høgdeproblematikken blei eit tema da Northug møtte pressa på Sognefjellet onsdag. Der stadfesta medaljegrossisten at han nå skal ta alle forholdsreglar.

- I år har eg bestemt meg for, og det er ei av hovudarbeidsoppgåvene mine, at sjølv om eg gjennomfører høgde, skal eg nesten ikkje ha økter i høgda med laktat. Det blir kontrollerte terskeløkter som ikkje skal ta av, og der eg skal «cruise» og ha overskot etter at dei er gjennomført, sa han og understreka igjen viktigheita av å halde igjen:

- Det er eit av hovudmåla mine, og klarer eg å ha den isen i magen, veit eg at eg kan gå fort på ski.

Held fram med høgde

For Northug er det ikkje aktuelt å droppe høgdeopphald, slik sprintkollega Johannes Høsflot Klæbo igjen har lagt opp til. Northug har frå tidlegare gode erfaringar med å vere høgda og følgjer den resepten igjen.

Kanskje blir det nokre færre høgdedøgn enn tidlegare.

- Eg har ikkje spikra høgdeopphalda mine 100 prosent, men det blir eit bra høgdeopphald i slutten av august og deretter Val Senales i oktober. Kanskje kuttar eg høgdesamlinga på sommaren, men frå seinsommaren og inn mot sesongstart blir det same høgderegime som før, sa 32-åringen.

I sola på Sognefjellshytta tok han seg god tid til å svare på spørsmål. Gleda over å vere tilbake i landslagsvarmen var tydeleg.

- Sånn ting var nå, var eg veldig motivert for å komme tilbake. Da moglegheita til å komme med på sprintlaget til Arild (Monsen) kom, var det noko som motiverte meg. Og da eg kjente på den lysta, var det veldig lett å takke ja til tilbodet, sa Northug.

Samarbeidet med landslagstrenar Monsen ser han lyst på.

- Det er mange som er spente på prosjektet Arild/Petter, og om det i det heile tatt kjem til å fungere. Vi har snakka saman om det, og vi er samde om mykje. Nå har vi lagt ein grov plan på korleis vi ønsker å gjere det fram mot sesongstart. Førebels har eg veldig tru på samarbeidet mellom meg og Arild.

Opnar for å vere startmann

Northug høyrer til sprintlandslaget, men har ambisjonar om å prege langt meir enn berre sprintar i den kommande VM-sesongen. I Seefeld står minst eit individuelt gull på ønskelista. I tillegg vil han gjerne gå to stafettar.

Northug opnar samtidig for at jobben som ankermann går til andre.

- Eg kan nok vere aktuell for fleire etappar. Eg ser for meg den første eller siste på distansestafetten, og på lagsprinten kan eg nok beherske begge etappane, sa han.

Johannes Høsflot Klæbo hadde jobben som ankermann under OL i Pyeongchang og løyste den strålande. Northug innrømmer at den nye sprintkongen i augneblinken driver eigen idrett på mange område.

- Vi veit kva vi må gjere for å henge med når han drar til. Per dags dato er det ingen som gjer det, sa han.

(©NPK)

Petter Northug og langrennsløparen på det norske skilandslaget trenar i løypene på Sognefjellet. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Petter Northug under ein pressekonferanse på Sognefjellet, der det norske langrennslandslaget trenar for tida. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Annonse