Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
For å kompensere for stigande drivstoffutgifter, aukar Norwegian billettprisen på alle ruter.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 05.06.2018 kl 07:49
Det melder flysmart24.
Norwegian har i eit par veker hatt eit flatt tillegg på 250-300 kroner på oversjøiske reiser, for å kompensere for aukande drivstoffutgifter. Blant anna har det vore eit tillegg på 300 kroner kvar veg til og frå USA.
Til nettstaden seier kommunikasjonsrådgjevar i Norwegian, Astrid Mannion-Gibson, at tillegget skal bort og at prisauken no skal vurderast ut frå kvar enkelt rute.
- Vi har avgjort at prisjusteringa vil skje på vanleg vis, og ikkje i form av eit flatt tillegg, seier ho.
- Auka prisar på enkelte ruter er ikkje unaturleg når oljeprisen stig slik han har gjort. Det er viktig å understreke at flyprisane uansett blir justerte ut frå tilbod og etterspørsel. Det viktigaste for kundane er totalprisen og ikkje kva dei ulike enkeltelementa blir kalla.
SAS har sikra seg 90 prosent av drivstoffet gjennom ei ordning som kan samanliknast med fastrente på lån, og betalar derfor fast pris på drivstoffet uansett forandring i marknaden. Dei vurderer førebels ikkje prisauke.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix