Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
For fjerde året på rad er Norwegian kåra til det beste lågprisselskapet i verda på langdistanseruter av Skytrax.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 17.07.2018 kl 17:34
Det er dei reisande som sjølve gir stemmene til den prestisjefylte Skytrax World Airline Awards. I tillegg til å vere best på langdistanse, er selskapet også kåra til best i Europa på lågpris for sjette året på rad.
Bjørn Kjos, konsernsjef i Norwegian takkar medarbeidarane og seier at dei framleis skal gi kundane gode reiseopplevingar og nye ruter verda over.
- Eg er utruleg takknemleg for at vi igjen har fått desse prisane. Det betyr veldig mykje for oss alle i Norwegian. Desse anerkjenningane viser også at det vi har oppnådd så langt blir verdsett av mange. Eg vil rette ei stor takk til passasjerane våre verda over som har stemt på Norwegian, seier Kjos i ei pressemelding.
Edward Plaisted, administrerande direktør i Skytrax, rosar selskapet.
- Norwegian har vore ein favoritt blant kundane dei siste seks åra. Norwegian har klart å halde ein god posisjon blant dei andre lågprisaktørane samtidig som selskapet også forbetrar posisjonen sin blant dei andre aktørane. Dette er ein fantastisk prestasjon for eit flyselskap som er i så sterk vekst, seier Plaisted.
(©NPK)
Norwegian-sjef Bjørn Kjos kan endå ein gong glede seg over pristildelingar. Arkivfoto: Heiko Junge / NTB scanpix