Klargjør siden...

Nossum gir Northug VM-moglegheiter

Eirik Myhr Nossum (32) blir ny trenar for allroundlandslaget i langrenn for menn. Det vart bekrefta på ein pressekonferanse måndag.

Eirik Myhr Nossum (32) blir ny trenar for allroundlandslaget i langrenn for menn. Det vart bekrefta på ein pressekonferanse måndag.

- Eg er klar over at det ikkje berre blir positive avgjerder eg må ta, sa Nossum.

Det skal no lystast ut to stillingar som assistentar til Nossum.

Den nye landslagstrenaren har før vore trenar Petter Northug og får meir med han å gjere etter denne utnemninga, sjølv om Northug er på sprintlaget.

- Er Petter Northug tilbake i forma frå 2015, er han sjølvsagt hyperaktuell også til å gå anna enn sprint (i VM), sa Nossum på spørsmål frå VG.

Den nye trenaren trur ikkje at det blir noko problem at han er barndomskompis med Northug.

- Eg synest at det var vanskelegare før. Akkurat no synest eg på ingen måte at det er vanskeleg. Han er frykteleg motivert slik eg ser det og er godt i gang på laget til Arild Monsen. Det synest eg er frykteleg gledeleg, sa Nossum.

Nossum har vore assistent under Tor Arne Hetland dei to siste sesongane. Hetlands kontrakt gjekk eigentleg ut neste sesong, men sterk intern misnøye gjorde at Hetland ikkje fekk fullføre denne.

- Dette har vore draumen i mange år. Heilt sidan eg starta opp som trenar. Det å få vere hovudsjef for eit norsk landslag har vore ein draum, og eg er veldig glad for moglegheita eg har fått, sa Nossum på spørsmål frå NTB.

- Eg er klar for oppgåva, sa Nossum.

- No får du verkeleg vist kva du er laga av, sa landslagssjef Vidar Løfshus då han presenterte sin nyaste trenar.

Utøvarkontakt

Nossums namn dukka tidleg opp som ein mogleg erstattar for Hetland, og han la heller skjul på at han hadde ambisjonar.

- Eg har hatt ei stilling i skiforbundet som eg har trivest godt i, og eg har fått forma den rolla som eg har ønskt. Eg har hatt mykje utøvarkontakt, og det liker eg godt. Det trur eg også er ein av mine styrkar. No sit eg her som hovudtrenar for herrane, og eg håpar at eg kan fortsette å ta vare på mine styrkar som trenar. Eg er klar over at det blir vanskeleg å ta med vidare den 100 prosent gode kjensla. Det vil overraske veldig om det berre blir populære avgjerder eg må vere med på å fronte i året og åra som kjem, sa Nossum.

Lang fartstid

Trass i sine unge alder, så har Eirik Myhr Nossum lang fartstid i skimiljøet.

Han var i ei årrekkje trenar i Lyn ski, og han har også vore både altmoglegmann og personleg trenar for Petter Northug i dei to første sesongane Northug stod utanfor landslaget.

Eirik Myhr Nossum er utdanna ved Noregs idrettshøgskole og har ein mastergrad i idrettsfysiologi.

(©NPK)

Eirik Myhr Nossum blir ny landslagstrenar for menn allround i langrenn. Foto: Berit Roald / NTB scanpix.

Annonse