Klargjør siden...

NSB varslar forseinkingar og innstillingar under streik tysdag

Medlemmer i Norsk Jernbaneforbund krev garanti om å få behalde jobben når regjeringa skal privatisere trafikken på fleire togstrekningar. Tysdag streikar dei.

NSB opplyser at det forventar innstillingar og forseinkingar i togtrafikken under den politiske streiken, som varer frå klokka 10 til 13.

Om lag 500 reinhaldarar og vedlikehaldsarbeidarar risikerer å miste jobben sin når jernbanetrafikken på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen skal leggjast ut på anbod, og det er desse som legg ned arbeidet tysdag.

Dei aller fleste av dei togtilsette som blir berørt av konkurranseutsetjinga, kjem til å få bli med over til eventuelt nye selskap som ledd i ein såkalla verksemdoverdraging. Men reinhaldarar og vedlikehaldsarbeidarar er ikkje sikra dette, ifølgje Jernbanedirektoratet. Dermed er det fritt fram for ein ny aktør til å velje ei anna og rimelegare løysing for reinhald og vedlikehald.

- Spring frå løfta

Både SV og Arbeidarpartiet har uttrykt sympati med dei streikande.

- Regjeringa lovde at jernbanereforma ikkje skulle gå utover lønns- og arbeidsvilkåra. No spring dei frå løfta. Streiken er nok eit varsel om at Noreg no treng ein ny arbeidslivspolitikk for dei mange vanlege arbeidsfolka. Vi må gi arbeidsfolk tryggleiken tilbake, seier Ap-nestleiar Hadia Tajik i ein e-post til NTB.

Åtvarar

I helga gjekk SV-leiar Audun Lysbakken ut og samanlikna situasjonen innan togtrafikken med luftambulansekrisa i nord.

- Luftambulansekrisa er eit døme på kor ille det kan gå når anbod blir gjort utan å vareta dei tilsette. No håper eg fleirtalet på Stortinget set foten ned for dette og blir med å sikre at desse anboda i det minste blir gjort på ein skikkeleg måte når regjeringa først har tvinga det gjennom, sa Lysbakken.

- Dei einaste som tener på at reinhaldarar og verkstadarbeidarane kan miste jobben, er selskapa som vinn anboda, sa SV-leiaren.

(©NPK)

Fleire tog kan bli innstilte under den politiske streiken, som varer frå klokka 10 til 13. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix