Klargjør siden...

Ny avtale skal hindre uregulert fiske i Polhavet

Noreg signerte onsdag ein ny avtale som skal hindre uregulert og ulovleg fiske i Polhavet.

Med den nye avtalen har ei rekke land forplikta seg til å ikkje begynne kommersielt fiske i området før bindande reguleringar er på plass.

Det blir ikkje drive fiske i Polhavet i dag ettersom store delar er dekt av is mesteparten av eller heile året, men det er venta at ismengda vil bli betydeleg mindre på sommarstid i tiåra som kjem.

- Avtalen er unik ved at den løyser eit problem før det oppstår, noko som er sjeldan kost i internasjonalt samarbeid. Om fiskebestandar vandrar inn i desse områda i framtida, så er vi førebudde. Dette er føre-var-prinsippet i praksis, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).

I tillegg til Noreg har dei andre kyststatane i havet rundt Nordpolen også skrive under på avtalen: Russland, USA, Canada og Danmark/Grønland/Færøyane. Også fjernfiskeaktørane Kina, Japan, Sør-Korea, Island og EU har skrive under.

(©NPK)

- Avtalen om fiske i Polhavet er unik ved at den løyser eit problem før det oppstår, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp). Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse