Ny preses i Det Norske Videnskaps-Akademi

Professor Hans Petter Graver (62) overtek som preses i Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA).

Professor Hans Petter Graver (62) overtek som preses i Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA).

Graver, som er valt for perioden 2019 til 2021, får Gunn Elisabeth Birkelund som visepreses. Han tek over etter Ole M. Sejersted (71).

Graver er professor i juss og styremedlem i DNVA med bakgrunn som dekan ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

For tida leier han prosjektet «Domstolens bristepunkt - Om dommere når rettsstaten er under press», finansiert av Noregs forskingsråd.

Det Norske Videnskaps-Akademi vart skipa i 1857 og er ein frittståande, landsomfattande organisasjon som omfattar alle vitskaplege disiplinar. DNVA har som føremål å bidra til å fremje vitskap.

(©NPK)

Under eit medlemsmøte onsdag vart det klart at Hans Petter Graver blir ny preses i Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA). Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Annonse