Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
I 2017 brukte helse- og omsorgssektoren over éin milliard kroner på å leige inn vikarar frå vikarbyrå, ifølgje ein rapport Norsk Sykepleierforbund har bestilt.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 04.10.2018 kl 16:27
Det er Burson-Marsteller Norge som har henta inn tala på vegner av forbundet, skriv Avisenes Nyhetsbyrå (ANB). Utrekninga gjeld innleige frå eksterne vikarbyrå, og den blei først omtalt i fagtidsskriftet Sykepleien.
- Vi har eit formidabelt behov for å rekruttere kvalifisert helsepersonell i framtida. Då er det ein svært dårleg attest for regjeringa å ty til mellombels og innleige. Løysingane for kommunane er dyre og gir dårleg kvalitet for pasientane, seier stortingsrepresentant Ingvild Kjerkol (Ap).
Sveinung Stensland, helsepolitisk talsperson i Høgre, seier at ein må bruke vikarar for å sikre pasientane den hjelpa dei treng så lenge det er store utfordringar med rekrutteringa, spesielt ved enkelte sjukehus i nord.
- Det har blitt færre innleigde i helseføretaka, men kostnadene har auka fordi vilkåra er blitt betre. Det viktigaste vi gjer, er å leggje til rette for ein heiltidskultur. Alle sjukehus arbeider no med å redusere vikarbruken etter oppdrag frå helseministeren, seier Stensland til ANB.
(©NPK)
Den nye rapporten handlar om innleige frå eksterne vikarbyrå. Heiko Junge / NTB scanpix