Ny statsminister i Jordan

Tidlegare utdanningsminister Omar Razzaz er utnemnt til ny statsminister i Jordan, dagen etter at forgjengaren Hani Mulki leverte sin avskjedssøknad.

Stadfestinga kom tysdag, dagen etter at det vart meldt at Razzaz, som var utdanningsminister i Mulkis regjering, skulle ha fått i oppdrag å danne ny regjering.

Tusenvis av menneske har dei siste dagane demonstrert mot regjeringa i det arabiske landet. Dei har protestert mot skatteauke, prisauke og andre sparetiltak, og kravd at statsministeren gjekk av.

Mulki leverte måndag avskjedssøknaden til Jordans kong Abdullah, men likevel har demonstrasjonane halde fram. Demonstrantane seier dei ikkje vil gi seg før skatteauken blir skrinlagt.

Razzaz blir sett på som ein reformpolitikar og han har tidlegare hatt ei høgtståande stilling i Verdsbanken. Det er likevel uklart kor stort mandat han vil få av kongen til å gjennomføre reformer.

(©NPK)

Demonstrantar deler ut godteri til politifolk som held vakt under ein demonstrasjon i Amman. Foto: AP / NTB scanpix

Omar Razzaz overtar som statsminister i Jordan. Foto: AP / NTB scanpix

Annonse