Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Midt oppe i dei interne diskusjonane til Kristeleg Folkeparti om politisk vegval får partiet ein oppslutning på 4,8 prosent i ei ny meiningsmåling.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 11.10.2018 kl 19:05
Meiningsmålinga InFact har gjort for Nettavisen gjev KrF ein oppslutnad på 4,8 prosent, noko som plasserer partiet godt over sperregrensa på 4,0 prosent. Nettavisen har ikkje måling frå førre månad, og kan difor ikkje registrera endringane. I staden blir det vist til gjennomsnittet av alle meiningsmålingane i september, som gav KrF ein oppslutnad under sperregrensa, på 3,5 prosent, følgje nettstaden Pollofpolls.
- No har dei teke eit byks frå sperregrensa, der dei har vaka på ei rekkje målingar i haust. Så det ser noko betre ut, men det svingar ein del for partiet, seier fagsjef Knut Weberg i InFact.
Høgre får 26,1 prosent, Frp 14,7 prosent, Venstre 3,8 prosent, Ap får 24,4 prosent, Sp 11,2 prosent, SV 5,7 prosent, Raudt 4,1 prosent og MDG får 2,7 prosent i denne målinga.
Målinga blei gjennomført 9. november, og 1.009 personar har vore med i meiningsmålinga. Feilmarginen for totalutvalet er på pluss/minus tre prosentpoeng, ifølgje InFact.
(©NPK)
KrF-leiar Knut Arild Hareide og Olaug Bollestad på veg inn til sentralstyremøte i KrF torsdag morgon. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix