Klargjør siden...

NY Times: Facebook har delt brukardata med kinesiske selskap

Facebook erkjenner å ha delt brukardata med kinesiske selskap, deriblant Huawei, som USA reknar som ein sikkerheitstrussel, ifølgje The New York Times.

I tillegg til Huawei opplyser Facebook at Lenovo, Oppo og TCL er blant dei 60 selskapa dei har delt brukardata med, ifølgje avisa.

For nokre av selskapa skal samarbeidet ha begynt allereie i 2007, og den delte informasjonen inkluderer blant anna utdannings- og arbeidshistorikk, sivilstatus og ulike ting brukarane har likt på Facebook.

Facebook har ikkje svara på NY Times' førespurnad om ein kommentar til saka. Det er ikkje kjent om informasjonen er misbrukt på noko vis.

Huawei er av amerikansk etterretning sett på som ein sikkerheitstrussel. Ifølgje NY Times planlegg Facebook å avslutte samarbeidet med selskapet allereie denne veka.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Annonse