Annonse

Ny varmerekord i Tromsø

Måndag ettermiddag blei det målt 20,4 grader på Meteorologisk institutt i Tromsø. Det er den høgste temperaturen som nokosinne er målt i byen så seint på året.

Rekordtemperaturen blei målt klokka 14, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

Ifølgje meteorologane er det 21 år sidan sist Tromsø hadde ein sommardag så seint som i september. Sommardag er ein dag der den høgste temperaturen er 20 grader celsius eller meir.

(©NPK)

Tromsøbrua, Ishavskatedralen og Tromsdalstinden i Tromsø. Biletet er teke i fjor sommar. Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix.

Annonse