Klargjør siden...

Nye skulpturar avduka i skulpturparken til prinsessa

Prinsesse Ingrid Alexandra avduka torsdag fire nye skulpturar i sin eigen skulpturpark i Slottsparken.

Etter ein teiknekonkurranse utlyst blant skuleelevar på Austlandet er det laga fire nye skulpturar som no står i skulpturparken.

Den 14 år gamle prinsessa kom til avdukinga saman med farmora si, dronning Sonja.

- Hjarteleg velkommen til parken, sa dei i kor.

Den første skulpturen som vart avduka heiter «Mitt Mot» og er laga av Christian M. Andresen (10). Skulptur nummer to er formgitt av Norah Hansen og heiter «Instrument». Tredje heiter «Meitemarken» og er laga av Oliver Kristoffer Brækken (10), Nicklas Espedal-Christophersen (11), Kristoffer Bentzen-Lunder (11) og Julian Karpis (10). Skulptur nummer fire er laga av Helene Brudevoll (11) og heiter «Jordens Hånd».

Dronning Sonja gratulerte barna som fekk realisert skulpturen blant tusenvis av innsende bidrag.

- Når parken er komplett, vil det her vere samla skulpturar formgitt av barn frå alle delar av landet vårt. Vi er svært stolte og glade for at barn og vaksne for all framtid vil kunne glede seg over desse flotte skulpturane, som på ulikt vis fortel noko om kva barn og unge i vår tid er opptatt av, sa ho i talen sin.

Og dronning Sonja presiserte at skulpturane ikkje berre er laga for å bli sett på.

- Ein kan ta på dei. Fabulere over dei. Vandre blant dei. Klatre og klyve, og i det heile tatt få ei kunstoppleving i denne parken som vi, befolkninga i byen og tilreisande er så glade i.

Ingrid Alexandras skulpturpark vart opna i mai 2016, i høve a25-årsjubileet til kongeparet. Alle skulpturane som får plass i parken, er teikna av barn, og sjølve utforminga er ei gåve frå Sparebankstiftelsen.

(©NPK)

Prinsesse Ingrid Alexandra og dronning Sonja avduka kunstverket «Mitt Mot» laga av Christian M. Andresen (10) i prinsesse Ingrid Alexandras skulpturpark i Slottsparken torsdag. Foto: Erlend Dalhaug Daae / NTB scanpix

Oliver Kristoffer Brækken (10), Nicklas Espedal-Christophersen (11), Kristoffer Bentzen-Lunder (11) og Julian Karpis (10) har laga «Meitemarken», som torsdag fekk plass i prinsesse Ingrid Alexandras skulpturpark i Slottsparken. Foto: Erlend Dalhaug Daae / NTB scanpix

Kunstverket «Jordens Hånd», som er laga av Helene Brudevoll (11), vart avduka i prinsesse Ingrid Alexandras skulpturpark torsdag. Foto: Erlend Dalhaug Daae / NTB scanpix