Klargjør siden...

Nytt barneombod blir presentert fredag

Fredag får vi vite kven som overtar som barneombod etter at Anne Lindboe går av etter seks år i jobben.

Blant dei 67 søkarane til den ettertrakta jobben er det 48 kvinner og 19 menn.

Ein av søkarane er den 47 år gamle tingrettsdommaren Inga Bejer Engh, som var aktor i 22. juli-saka.

Statsråd Anniken Hauglie (H) presenterer det nye barneombodet på ein pressekonferanse fredag.

På søkjarlista er også tidlegare generalsekretær i Norges idrettsforbund Inge Andersen (53). Andre søkjarar er det første mobbeombodet i landet, Bodil J. Houg (47), og utanriksminister Ine Eriksen Søreides mann Øystein Eriksen Søreide. Han var tidlegare byråd for helse og sosiale tenester i Oslo kommune, men har vore bydelsdirektør i Grorud sidan 2016.

Etter det NTB får opplyst frå regjeringskjelder var Eriksen Søreide ikkje blant dei tre kandidatane til jobben som i april vart intervjua av eit barnepanel.

Eriksen Søreide er gift med utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H), som er nær venninne av barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H), og ho har derfor erklært seg inhabil. Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) er settestatsråd i saka.

Barneombodet er både eit kontor og ein person. Dagens barneombod, Anne Lindboe, vart utnemnt til stillinga i 2012 av dåverande statsråd Inga Marte Thorkildsen (SV), og går av i år etter seks år i jobben.

Barneombodet er fagleg uavhengig, men administrativt underlagt Barne- og likestillingsdepartementet (BLD).

(©NPK)

Dagens barneombod Anne Lindboe er ferdig med sitt seks år lange åremål, og no har regjeringa funne hennar erstattar. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Annonse