Nytt forfall for Slovenia før kampen mot Noreg

Forfalla held fram med å hagle ned over Slovenias mellombelse landslagssjef Igor Benedejcic før nasjonsligakampen mot Noreg. Kaptein Bojan Jokic er uaktuell.

Jokic kom til samlinga med skade og var svært tvilsam, men venstrebacken som til dagleg spelar for russiske Ufa håpte i det lengste å bli klar. Tysdag måtte han kaste inn handkleet.

- Smertene er såpass sterke at eg onsdag skal til MR-undersøking, sa han til avisa Ekipa.

Han er avskriven til nasjonsligakampane mot Noreg og Bulgaria. Slovenia må ha minst fire poeng på dei kampane for å unngå nedrykk til D-divisjonen i nasjonsligaen.

Frå før er Jan Oblak (landslagspause), Kevin Kampl (gir seg på landslaget), Josip Ilicic (utestengt), René Krhin, Jasmin Kurtic og Tim Matavz (alle skadd) uaktuelle.

Ilicic er med på samlinga og kan spele mot Bulgaria tysdag.

Med 94 landskampar var Jokic den klart meste erfarne spelaren i troppen. Utan han går den posisjonen til kantspelaren Roman Bezjak (26 landskampar), som dermed truleg blir kaptein om han speler frå start.

Ilicic (54 landskampar) er normalt visekaptein.

(©NPK)

Etter kaptein Bojan Jokics skadeforfall er Roman Bezjak (her i duell med Sigurd Rosted på Ullevaal i oktober) den mest rutinerte spelaren på Slovenias lag som møter Noreg fredag. Han har 26 landskampar. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Annonse