Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Regjeringa har nedjustert planane for det nye regjeringskvartalet i Oslo. Det blir lågare bygningar og plass til 4.700 tilsette.
birgitte.iversen@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 28.09.2018 kl 12:11
Sist oppdatert: 28.09.2018 kl 12:25
- Det blir eit levande, triveleg og bilfritt område. Det nye regjeringskvartalet skal bli ein del av hovudstaden som folk vil ha glede av å besøkje, enten du bur i Oslo eller er på besøk, seier statsminister Erna Solberg (H).
Saman med klimaminister Ola Elvestuen (V), finansminister Siv Jensen (Frp) og kommunal- og regionalminister Monica Mæland (H) la ho fram planane fredag.
I den nye skissa er bygningane lågare enn reguleringsplanen tillét. Det vert planlagt for 4.700 tilsette. Det er færre enn 5.700 som låg i dei opphavlege planane.
Bakgrunnen for reduksjonen er avbyråkratisering.
- Etter mange år med vekst i talet på tilsette i departementa, ser vi at vår politikk for forenkling og avbyråkratisering har virka. Vi har rett og slett ikkje behov for like mange arbeidsplassar i tida framover, seier finansminister Siv Jensen.
Enkelte støttefunksjonar skal dessutan liggje utanfor regjeringskvartalet. Avgjerda om at alle departementa, unntatt Forsvarsdepartementet, skal samlast i det nye kvartalet, ligg derimot fast.
Areal per tilsett er sett til 23 kvadratmeter.
- Det er mindre enn i dagens lokale, men meir enn mange bedrifter legg opp til når dei byggjer nye kontorlokale, seier Mæland.
Høgblokka skal rehabiliterast først. Byggjestart blir i 2020, og Høgblokka skal vere klart for innflytting i byrjinga av 2024.
Team Urbis vann Statsbyggs designkonkurranse med konseptet «Adapt» for regjeringskvartalet. Foto: Team Urbis / Statsbygg / NTB scanpix